Christin Pretegård var mannen som i sin tid dro i gang Motbakkeløpene som gjør at det nå finnes over 250 motbakkeløp i Norge. Tirsdag deltok han nok en gang på Skjennungstua Opp. Foto: Stian S. Møller Christian Prestegård i prominent selskap på Skjennungstua etter løpet. Det forsvinner mange kalorier fra Hammern til Skjennungstua. Så det er plass til mange nye .....før turen går ned til Hammern i mørket etter løpet.
Her er Christians egne ord fra årets Skjennungstua Opp: "Åpningsbildet illusterer min hyllest til motbakkeløpet Skjennungstua Opp som eg sprang for 4. gong i går kveld (Foto: Stian Schløsser Møller / Sognsvann Rundt Medsols). Fotoet vart teke ved passering Ullevålsæter med omlag 2km igjen til mål i den 5,7km lange løypa med 320m stigning frå Hammeren i Maridalen til Skjennungstua. Det gjekk lett i går og eg forbedra tida frå i fjor med 38 sekundar. Å bli raskaste løpar over 60år er alltid ei oppmuntring, men det er ikkje det eg vil hugse lengst. Det var den minnerike sosiale kvelden på Skjennungstua. Vel i mål fekk alle dei 157 deltakarane (deltakarrekord og fullt hus ) ei servering og premieutdeling som overgår det meste. I forhold til startkontingenten på kr 120 er det vi fekk eineståande. Alle fekk "full middag" med kyllingsuppe med nybakte rundstykker som tilbehør og etterpå vart det kanel- og melisbollar i ulike variantar. Sjå siste bilde. Den sosiale kvelden på Skjennungstua avrunda arrangør Sognsvann Rundt Medsols ved primus motor Heming Leira med ei omfattande premieutdeling med loddtrekning av omlag 30 gåvekort frå Løplabbet og kr 25.000 i pengepremiar til dei 5 beste samanlagt i dei 5 motbakkeløpa i Maridalsalpane."
0 Comments
Leave a Reply. |
Besøk våre samarbeids-partnere
|